Beak's Ocean tilbake pÄ topp (Leangen 09.04.11)
Etter mange fine montéløp på austlandet tok Henriette Bye turen til Leangen saman med Beak's Ocean. Etter ein førsterunde sist i feltet, angreip ekvipasjen ein runde frå mål og plukka konkurrent for konkurrent. Ned oppløpet hadde dei klart størst fart, og Henriette Bye fekk sin første siger sidan 2005. Det var Super News-dottera sin andre siger i monté.
Frå start løyser 2 Zuperpuz/Ragnhild Bjørnbeth bra. Utanfrå kjem 5 Blow The Bugle/Mette R. Nyløkken, 6 Hillary News/Annika Gresseth og 7 Monster Of Joy/Hege Solvang Morken. 8 Brave Chip/Anne Grete Rasmussen, 9 Florican Senator/Guro Berg og 10 Sasabee/Hanne Steinshaug er med ytterst i banen. 4 Dithmarscher/Anne Guro Berg og 3 Beak's Ocean/Henriette Bye løyser dårleg frå start og ligg sist. Hillary News får teten med Blow The Bugle i dødens. Zuperpuz får ledarryggen. Monster Of Joy ligg i andre utvendig etterfulgt av Brave Chip. 1 Wilco's Butcher/Anne Mette Berg galopperer frå tredje innvendig og bryt løpet. Florican Senator ligg i fjerde utvendig. Galopperer gjer og Dithmarscher som vert diskvalifisert. Beak's Ocean avsluttar feltet på innerspor saman med Sasabee utvendig.
På første langsida overtek favoritten Blow The Bugle føringa. Då får Hillary News ledarrygg og Zuperpuz tredje innvendig. I dødens ligg Monster Of Joy, med nokre lengder ned til Brave Chip som er i andre utvendig. Første 500 meterane går etter 1.15,6. I den andre svingen går Monster Of Joy ned i ledarryggen, det vert strekk i feltet. På linje ligg Blow The Bugle, Monster Of Joy, Hillary News, Zuperpuz, Brave Chip, Florican Senator, Sasabee og Beak's Ocean. 1000 meter vert passert etter 1. 17,4.
Då vert Beak's Ocean sendt framover og det får fort. Florican Senator prøver og eit angrep i andrespor, men galopperer inn på den nest siste svingen. Sasabee bryt løpet. På siste bortre langsida har framleis Blow The Bugle kontroll i tet, med Monster Of Joy i ryggen. Ei lengde ned til Hillary News som har fått Beal's Ocean opp på sida. Zuperpuz er med som femtehest. Fleire lengder ned til Brave Chip som er sjettehest, resten av feltet er borte.
Inn på siste svingen går Monster Of Joy ut i dødens, men ombestemmer seg og går inn att. Hillary News slit litt med tempoet. På oppløpet angrip Beak's Ocean i tredjespor og Monster Of Joy i andrespor. Blow The Bugle klarer ikkje å forsvara seg og sigeren går til Beak's Ocean som leverer ein flott sisterunde for Henriette Bye. Andreplassen knip Monster Of Joy på streken for Hege Solvang Morken medan favoritten Blow The Bugle må ta til takke med tredje for Mette R. Nyløkken.
Løp: 1 Målfoto
Start: 09. 04. 2011 kl. 13:50
Bane: Leangen Travbane
Løpnavn: Montéløp
Premiesum: 47000
Distanse: 2140
Baneverdi:
Startmetode: Auto
Plassering
Startnr
Hestens navn
Dist
Saml tid
KM tid
Premie kr
Initialer
Kusk
Evt odds
1
3
Beak's Ocean
2140
2:47,0
18,0a
20000
Henriette Bye
40
Far:
Super News (US)
Mor:
Dedicate Label (S)
Eier:
Steinar Bye (BLAKER)
Oppdretter:
Jan Helge Nebbenes
2
7
Monster Of Joy
2140
2:47,6
18,3a
10000
Hege Solvang Morken
94
3
5
Blow The Bugle (S)
2140
2:47,6
18,3a
7000
Mette R. Nyløkken
*19
4
6
Hillary News
2140
2:48,3
18,6a
5000
Annika Gresseth
376
5
2
Zuperpuz
2140
2:48,5
18,7a
3000
Ragnhild Bjørnbeth
279
6
8
Brave Chip
2140
2:52,4
20,6a
2000
M
Anne Grete Rasmussen
268
Brutt løp
1
Wilco's Butcher (NL)
2140
br ag
R
Anne Mette Berg
206
Brutt løp
10
Sasabee (S)
2140
br a
Hanne Steinshaug
84
Disk. galopp
4
Dithmarscher (DE)
2140
DG
dg a
Anne Guro Dahle
122
Disk. galopp
9
Florican Senator
2140
DG
dg a
L
Guro Berg
214
Vunnet: Flere lengder
Odds:
V: 4,08
P: 1,43-1,57-1,22
D: 21,6
T: 84,91
Omsetning:
V: 14344
P: 3887
D: 14688
T: 47796
Total omsetning:
80715
