To strake for Caroline og Takeover (Forus 09.06.09)

Caroline L.B. Morken har fått taket på hesten sin Takeover Ås. På Forus var ekvipasjen overlegne i montéløpet. Dette var Caroline sin andre siger i karrieren.
 
Samtlige hestar starta frå 20 meter tillegg i løpet på Forus i dag. Av dei ti ekvipasjane var det 3 Ali Fighter/Merete Skjæveland som løyste best og tok teten. 2 Takeover Ås løyser godt og kjem opp i dødens. 7 K.L.M. Kilroy/Brit Tone Lea galopperer, det same gjer 9 New Foundland/Therese Nyhaven som bryt løpet. 11 Sheridan/Anette Selliken ligg i rygg, etterfulgt av 8 Pretty Fly/Marie Øvestad, som bak seg har 1 Tibs Battle/Ronja Good Djøseland. I andre utvendig kjem 6 Bonita/Camilla Sund, med 10 Munson/Monica Refsland bak seg. Opptil 500 meters passering galopperer Sheridan, han blir dratt utover i banen og hindrer Tibs Battle. Ronja Good Djøseland vert kasta av Tibs Battle som får ein bråstopp. Tibs Battle dett og snurrar rundt. Første 500 meter vert passert på 1.26.
 
Inn på andre svingen er Takeover Ås i tet. Bak seg har han Ali Fighter og Pretty Fly. Bonita ligg i dødens med Munson bak seg. 5 Mr. Knight/Kari Anne Knutsen ligg i tredje utvendig. 7 K.L.M. Kilroy/Brit Tone Lea er oppe i fjerde utvendig etter galoppen. Langt ned til Sheridan. 1000 meter vert passert på 1.23,1.
 
Siste runden aukar Takeover Ås på tempoet. Han har ei lengd til Bonita i dødens, Ali Fighter på innerspor og Munson er med som fjerdehest. Inn i den siste svingen er Ali Fighter trøtt, Munson kjempar seg opp på tredje. K.L.M. Kilroy er godtgåande. På oppløpet tek Takeover Ås til seg fleire lengder og spring inn til ein overlegen siger for sin andre strake siger i monté for rytter og eigar Caroline L.B. Morken. Munson avsluttar bra til 2. plass for Monica Refsland og Bonita går på trøtte bein inn til 3. plass for Camilla Sund. K.L.M. Kilroy går godt til 4. plass for Brit Tone Lea.
Løp: 1 Målfoto
Start: 09. 06. 2009 kl. 18:10 Bane: Forus Travbane Løpnavn:
Premiesum: 29000 Distanse: 2040 Baneverdi: Startmetode: Volte
Plassering Startnr Hestens navn Dist Saml tid KM tid Premie kr Initialer Rytter Evt odds
1 2 Takeover Ås (S) 2060 2:43,9 19,6 12000 GL Caroline L.B. Morken *15
   
Far: Enjoy Lavec (US)
Mor: Nilema Fine* (S)
Eier: Caroline Bergås Morken (SEIM)    
Oppdretter: Sverige
2 10 Munson (S) 2060 2:45,5 20,3 6000 ÅT Monica Refsland 72
3 6 Bonita 2060 2:46,1 20,6 4000   Camilla Sund 289
4 7 K.L.M. Kilroy 2060 2:46,1 20,6 g 3000 GG Brit Lea 58
5 3 Ali Fighter 2060 2:47,1 21,1 2000 G Merete Skjæveland 415
6 5 Mr. Knight 2060 2:47,2 21,2 2000   Kari Anne Knutsen 170
0 8 Pretty Fly (S) 2060 2:47,4 21,3     Marie Øvestad 216
Distansert 11 Sheridan 2060 2:55,8 dist g     Anette Selliken 244
Brutt løp 1 Tibs Battle 2060   br g   L O Ronja Good Djøseland 489
Brutt løp 9 New Foundland (S) 2060   br g     Therese Nyhaven 142
Strøket 4 Gum B. Royal 2060         Silje Vatland 0

Vunnet: 5 3/4 Lengder
Odds: V: 1,55 P: 1,12-1,28-3,8 D: 7,36 T: 139,72
Omsetning: V: 11933 P: 2654 D: 8050 T: 30938
Total omsetning: 53575

Målfoto for løp 1 på bane FO den 09.06.2009