Laila Thue Nervik tok første stikk i monté NM (Drammen 12.06.09)

Moen Best og Laila Thue Nervik
Moen Best tok sin femte montésiger for året i det første NM løpet i dag. Det vart ein enkel siger for Laila Thue Nervik og favoritten.
 
Starten kom avgårde på første forsøk. 2 Vikso/Kristine Kvasnes tek teten. 1 Havtroll/Hanne Borgli galopperer på startsida. 4 Torias/Line Gundersen er fint med som andrehest. 3 Knardal Elden/Vibecke Steig ligg i andre utvendig. 5 Prins Gullhår/Marie Øvestad går godt og kjem opp i tredje innvendig, men går ut i dødens. Frå 40 meter tillegg er 12 Ruskeli Jahn/Liv Pedersen godt i gang. Ut av første sving er Vikso i tet, Prins Gullhår trykkjer på. I tredjespor kjem Ruskeli Jahn. Første 500 meter vert passert etter 1.33.
 
Prins Gullhår galopperer. Ruskeli Jahn overtek teten, og får bak seg Vikso. Moen Best går godt inn på den andre svingen og jobbar seg opp som tredjehest. 6 Mørtvedt Per/Mette R. Nyløkken er med i andre utvendig. 8 Jilly/Johanne Ulrica Øveraasen ligg i tredje utvendig. 1000 meter vert passert etter 1.27.
 
Ruskeli Jahn ligg i tet, Moen Best i dødens. I ledarrygg finn me Vikso, som på utsida har Mørtvedt Per. I tredje utvendig ligg Jilly. Ei luke ned til Prins Gullhår. Ein runde frå mål overtek Moen Best teten. Då er Ruskelig Jahn i ledarrygg og Vikso i tredje innvendig. Mørtvedt Per ligg i tilbaketrukken dødensposisjon, med Jilly bak seg. Knardal Elden galopperer frå fjerde utvendig. Ut på siste bortre langside får Moen Best nokre lengder ned til Ruskeli Jahn som igjen har ei luke ned til Vikso. Inn på siste svingen angrip Jilly bak i frå, men det er langt fram til tethesten Moen Best. Inn på oppløpet har Moen Best mange meter ned til Ruskeli Jahn som stoppar. Knardal Elden avsluttar fort for Vibecke Steig og får 2. plass, medan Ruskeli Jahn reddar tredjeplassen for Liv Pedersen.
Løp: 2 Målfoto
Start: 12. 06. 2009 kl. 18:45 Bane: Drammen Travbane Løpnavn:
Premiesum: 44000 Distanse: 2100 Baneverdi: Startmetode: Volte
Plassering Startnr Hestens navn Dist Saml tid KM tid Premie kr Initialer Rytter Evt odds
1 7 Moen Best 2140 3:09,4 28,5 18000 K E Laila Thue Nervik *17
   
Far: Spang Best
Mor: Heidi Texa
Eier: Kjell Even Teslow (JAREN)    
Oppdretter: Knut Sørbråten & Regine Sørbråten
2 3 Knardal Elden 2100 3:12,5 31,7 g 9000   Vibecke Steig 181
3 12 Ruskeli Jahn 2140 3:12,7 30,0 6000   Liv Pedersen 149
4 4 Torias 2100 3:13,5 32,1 4000   Line Gundersen 640
5 10 Pentus 2140 3:13,7 30,5 3000 BK Monica Haugen 94
6 6 Mørtvedt Per 2120 3:14,2 31,6 2000   Mette R. Nyløkken 281
7 8 Jilly 2140 3:14,5 30,9 2000 R Johanne Ulrica Øveraasen 87
0 2 Vikso 2100 3:14,7 32,7   EG Kristine Kvasnes 96
0 11 Vesle Rappa 2140 3:15,0 31,1 g     Eva Hellem 180
0 9 Boka Prinsen 2140 3:15,1 31,2     Trine Veronica Opdahl 230
0 5 Prins Gullhår 2120 3:17,5 33,2 g     Marie Øvestad 320
Disk. galopp 1 Havtroll 2100 DG dg     Hanne Borgli 218

Vunnet: Overlegent
Odds: V: 1,73 P: 1,22-2,49-2,76 D: 12,81 T: 87,81
Omsetning: V: 16001 P: 5694 D: 13494 T: 46163
Total omsetning: 81352

Målfoto for løp 2 på bane DR den 12.06.2009