I sin andre montéstart kom sigeren for Megarama. Etter eit godt løp for Liv Pedersen fullførte Elding-hoppa best av alle. Ho vann løpet på ny personleg rekord og ny løpsrekord. For å ri ny løpsrekord klarte Liv Pedersen å henta bonusen på 5000 kroner. Det var 30 000 kroner, laurbærkrans og pokalar til vinnaren.
Rappfots Æresløp er det einaste æresløpet for montéhestar i Noreg. Kjennemerket til dette løpet er at alle startande hestar defilerer med dekken og at det er deltakarpremie til alle. Opplegget fungerte godt i år og. Liv Pedersen fekk 5000 kroner for å ri ny løpsrekord og ny montésal frå Wintec som sigerspremie, i tillegg til pokal og blomar. Marie Øvestad fekk ein saueskinnsvoilock for sin andreplass med Taletta og Renate Aarlie fekk lærgrime og leietau for tredjeplassen. I tillegg fekk ho hodelag for å verta beste bergensrytter i løpet. Nest beste bergensrytter var Solveig Maria Fosse som fekk ein bag, sjabrak og bandasjer. Det same fekk Anette Teigen som var tredje beste bergensrytter.
Frå strek tek 2 Skoftegutten/Ida Sjursen teten. Veldig dårlig start på 1 Stjerne Klar/Eva Hellem. Dårleg start på hestane på 20 meter tillegg óg. 8 Megarama/Liv Pedersen. 5 Knardal Elden/Kristine Kvasnes har fått best start av tilleggshestane og er med som andrehest. I første svingen leiar Skoftegutten. Knardal Elden tek raskt innpå. Tilleggshestane leitar etter posisjonar. 13 Rei Spika/Charlotte Steine galopperer. 7 Taletta/Marie Øvestad er fint gjennom frå sitt tillegg. 10 Nøkle Pål/Renate Aarlie ligg i tredjespor på utsida av Megarama og Taletta. Bak der ligg 6 Vir/Mette R. Nyløkken. Nokre lengder ned til 3 Snipp Vinna/Stine-Beate Hjartholm og 12 Torpa Bra/Solveig Maria Fosse. 9 Gil Rau Jo/Anette Teigen ligg i tredjespor lenger bak. Første 500 meter vert passert med Skoftegutten i tet på 1.32.
Knardal Elden kjem fram og overtek føringa. Taletta ligg i andre utvendig og har bak seg Megarama, Nøkle Pål og Vir. Galopp for Gil Rau Jo. Inn på siste bortre langside har framleis Knardal Elden teten. Taletta kjem opp i dødens. Megarama føl som tredjehest. Vir går godt i tredjespor og kjem opp som tredjehest. Det er slutt for Skoftegutten. Bak der ligg Nøkle Pål. Midt på siste bortre er Vir i ferd med å overta, men så kjem galoppen og han vert diskvalifisert. Då er det Taletta som tek føringa. Knardal Elden slår på ein kort galopp. Megarama kjem opp som andrehest og har bak seg Nøkle Pål.
Inn i siste sving har Taletta grepet. Bak jaktar Megarama og Nøkle Pål. Knardal Elden er nede igjen som fjerde hest. 15 Tor Even/Anne Jorun Gudmestad ligg som femtehest og har bak seg 11 Pentus/Line Gundersen som har ei luke til Torpa Bra, Skoftegutten og Gil Rau Jo. Rei Spika og Prins Vangen er begge diskvalifisert for galopp, langt ned til Snipp Vinna.
På oppløpet har 7 Taletta kontroll, men 8 Megarama kjem med ein skikkelig sluttspurt og vinn for Liv Pedersen. Taletta fullfører godt til 2. plass for Marie Øvestad. Tredjeplassen går til 10 Nøkle Pål og Renate Aarlie.
Alle foto: Hege Hopland
Løp: 1 Målfoto
| Start: 08. 08. 2009 kl. 13:50 |
Bane: Bergen Travpark |
Løpnavn: Rappfots Æresløp |
| Premiesum: 72000 |
Distanse: 1600 |
Baneverdi: |
Startmetode: Volte |
| Plassering |
Startnr |
Hestens navn |
Dist |
Saml tid |
KM tid |
Premie kr |
Initialer |
Kusk |
Evt odds |
| 1 |
8 |
Megarama |
1640 |
2:22,0 |
26,6 |
30000 |
M |
Liv Pedersen |
63 |
| |
|
| Far: |
Elding |
| Mor: |
Mega |
| Eier: |
Per Farsjø (SANNIDAL) |
|
|
| Oppdretter: |
Hans Farsjø |
|
| 2 |
7 |
Taletta |
1640 |
2:22,1 |
26,6 |
15000 |
|
Marie Øvestad |
82 |
| 3 |
10 |
Nøkle Pål |
1640 |
2:23,2 |
27,3 |
9000 |
FR |
Renate Aarlie |
360 |
| 4 |
5 |
Knardal Elden |
1640 |
2:24,0 |
27,8 g |
6000 |
|
Kristine Kvasnes |
36 |
| 5 |
15 |
Tor Even |
1640 |
2:24,1 |
27,9 |
4000 |
|
Anne Jorun Gudmestad |
1744 |
| 6 |
11 |
Pentus |
1640 |
2:24,2 |
27,9 |
2000 |
BK |
Line Gundersen |
129 |
| 7 |
12 |
Torpa Bra |
1640 |
2:27,1 |
29,7 |
2000 |
|
Solveig Maria Fosse |
473 |
| 8 |
9 |
Gil Rau Jo |
1640 |
2:27,5 |
29,9 g |
2000 |
|
Anette Teigen |
310 |
| 9 |
2 |
Skoftegutten |
1600 |
2:29,3 |
33,3 |
2000 |
|
Ida Sjursen |
605 |
| Distansert |
3 |
Snipp Vinna |
1620 |
2:33,7 |
dist g |
|
|
Stine-Beate Hjartholm |
692 |
| Distansert |
1 |
Stjerne Klar |
1600 |
2:43,5 |
dist g |
|
|
Eva Hellem |
354 |
| Brutt løp |
4 |
Joker Troll |
1620 |
|
br g |
|
|
Tine Moldestad |
581 |
| Disk. galopp |
14 |
Prins Vangen |
1640 |
DG |
dg |
|
|
Hege Karin Arverud |
2422 |
| Disk. galopp |
13 |
Rei Spika |
1640 |
DG |
dg |
|
|
Charlotte Steine |
714 |
| Disk. galopp |
6 |
Vir |
1640 |
DG |
dg |
|
E |
Mette R. Nyløkken |
*22 |
| Vunnet: 3/4 Lengde |
| Odds: |
V: 6,38 |
P: 2,01-3,22-7,98 |
D: 52,84 |
T: 594,34 |
| Omsetning: |
V: 27252 |
P: 6995 |
D: 27340 |
T: 63679 |
| Total omsetning: |
125266 |
|