Atom Lynet – månedens montéhest mars 2010
Skrevet av Charlotte Steine ons, 21/04/2010 - 18:36
Atom Lynet tilhøyrer den norske kaldblodsmontéeliten og har ein trippelprosent på over 73 i monté. I mars starta han berre eit løp, men vann på ein flott måte då og vart kåra til månadens montéhest med god margin til Speedy Cane. Hesten har gått montéløp sidan 2007 og har gjort sine saker bra, han kjem nok til å bita frå seg i sporten framover og.
11 års vallak
e. Elding u. Åslill e. Roger
Montékarriere pr. 20.04.10: 34 - 13 - 8 - 4 - 4
Grunnlag: 1.346.782 kr.
Rekorder: (9) 22,6K - (10) 23,2aK
Montérekorder: (9) 24,0K – (9) 29,5aK
e. Elding u. Åslill e. Roger
Montékarriere pr. 20.04.10: 34 - 13 - 8 - 4 - 4
Grunnlag: 1.346.782 kr.
Rekorder: (9) 22,6K - (10) 23,2aK
Montérekorder: (9) 24,0K – (9) 29,5aK
Atom Lynet vann kåringa i mars med 42 % av stemmene. Juryen hadde følgjande å seia om nominasjonen: Atom Lynet tok en overlegen og fin seier på Klosterskogen 25. mars. Han satte fart etter en runde og overtok teten. Siden var det ikke snakk om saken.
Innridd: 16 000 kroner.
Innridd: 16 000 kroner.
Les meir om kåringa her: http://travritt.no/nyheter/07042010stem-p-m-nedens-mont-hest-mars-2010
Graf over avstemminga: http://travritt.no/poll/mndshest/mars-2010
Vinnarhest
Sesongen til Atom Lynet starta då hesten var tre, men resultata den fyrste sesongen viste ikkje at han skulle verta ei stjerne. Sesongen som 4-åring starta han tolv gongar, med ein av kvar av trippelplasseringane i tillegg til fire premiar. Så byrja det å ta seg skikkelig opp. Som 5-åring fekk han med seg seks sigrar, fem andreplassar, ein tredje og seks øvrige premiar på 28 forsøk. 6-årssesongen har så langt vore Atom Lynet sin beste sesong. Tolv sigrar, ein tredje og to premiar på seksten startar og 316 000 kroner innkjørt. Etter dette har han vunne 4-5 løp kvart år. Totalt har valakken kryssa mållina fyrst 38 gongar på 157 forsøk.
Prøveløp
Som 8-åring vart Atom Lynet godkjent for monté. Prøveløpet gjekk han i mai saman med Line Gundersen, som er blitt hans faste makker, på tida 32,2.
- Me trener kombinert både med sal og vogn, og såg at Atom Lynet ville eigna seg innan monté. I tillegg er det fine tilbod og premiar i monté, så då valde me å godkjenna han, fortel Gøran Antonsen som representat frå stall Antonsen.
God start
Debuten kom ikkje før i november det same året. Allereie då viste han at han var ein hest for montéløpa med siger på 27,4 over 2160 meter. Dette var berre den fyrste av mange montésigrar.
- Han er ein travsikker hest og han har stor fart. I forhold til dei andre konkurrentane er farten hans beste eigenskap, fortel Gøran.
Til å byrja med tok han fem sigrar på rad. Etter sigersløpet i mars 2008, vart det sigerstørke fram til november det året, men han fekk med seg sju trippelplasseringar på tretten forsøk. Fjoråret byrja litt trått med to løp diskvalifisert for galopp, men så var det tre løp på trippelen, eit uplassert, ein femte og ein tredje, før han avslutta året med fire strake sigrar i travritt.
Tre i år
Så langt i år har valakken starta fem montéløp. I mars starta han eitt montéløp og det enda med ein solid siger frå 60 meter tillegg på Klosterskogen på tida 25,9. Line Gundersen har ridd han i alle montéløpa hans i karrieren, utanom eitt løp. Etter løpet i mars har han starta tre gongar, først ein femteplass og så to sigrar etter det. I tillegg har han ein tredjeplass frå eit montéløp i januar. Atom Lynet er i tillegg til å vera ein god montéhest og aktiv i travløp, der han hentar fine pengar stort sett kvar gong.
- Me satsar på at Atom Lynet kjem med i eit sulkyløp under Elitloppshelga, så framover er oppgåvene å samla poeng til det. Neste montéløp er ikkje sett ut endå, informerer Gøran.

