Årets NM deltagere: Mette Nyløkken, tittelforsvarer
| Rytter info | ||
| Bane | Klosterskogen travbane | |
| Draktfarge | Blå m/hvit stolpe, reklame | |
| 2008 statistikk | ||
| starter/plasseringer | 80 - 13 - 6 - 7 -27 | |
| innkjørt | 348 732,- | |
| landsstatistikk rangert | 4 | |
| Tot. statistikk pr. 02.06.09 | ||
| starter/plasseringer | 263 - 27 - 17 - 19 - 89 | |
| innkjørt | 793 345,- | |
Tittelforsvarer, som Noregsmeister i monté 2008, er Mette R. Nyløkken. I fjor hadde ho sin overlegent beste sesong i karrieren. På 80 løp vart det 13 sigrar, 6 andreplassar, 7 tredjeplassar og 27 øvrige premiar, med heile 348 732 kroner innridd. Det var nok til å enda på fjerdeplass på landsstatistikken for montérytterane. Fleire av vinnarane hennar gjekk att i fjor, mellom anna Spikny og Gary Vision, men det var Alsaker Bruno som gjorde mest. Heile fire sigrar tok ekvipasjen dette året.
I 2004 fekk Mette lisens, og ho rei sitt fyrste løp på Gomnes Gnist 25. februar. Den fyrste sigeren kom med Ste Christine 8. oktober det same året, ekvipasjen tok to sigrar i 2004. Året etter vann Mette eit løp med Gomnes Gnist, og plukka med seg fleire premiar. I 2006 sørga Ste Christine for nok ein siger for Mette. 2007 vart eit betre år, og Mette tok 5 sigrar og rei inn 95 600 kroner. Det var i 2008 det for alvor løsna for Mette, og ho toppa det heile med å verta Noregsmeister i monté. Dette året er ho nok ein gong med i striden. Til no i år har ho ridd 27 løp, tatt 5 sigrar, 2 andreplassar, 4 tredjeplassar og 7 øvrige premiar. Tre av sigrane har ho tatt saman med Alsaker Bruno.
Travritt.no ynskjer Mette lykke til i årets NM.
![]() |
![]() |
|
| Mette Nyløkken og Knardal Elden | Mette Nyløkken og Gary Vision |
Tips oss
Skjer det noe i ditt lokalmiljø?
Kjenner du noen som gjør en ekstra innsats for montésporten?
Kontakt oss
Epost: post@travritt.no


